Kategorial danning og bruk av IKT i undervisning

Kan vi arbeide med metodar i skulen utan å trekkje inn innhald og mål? Kva kan digital teknologi gje av pedagogisk meirverdi? Kan tysk danningsteori framleis vere til hjelp til å forstå undervisning og læring? Denne boka handlar om det som skjer når danningsteori møter utfordringane med digital tekn...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Kåre Fuglseth
Format: eBook
Language:Norwegian
Published: Scandinavian University Press (Universitetsforlaget) 2018
Subjects:
Online Access:
Collection: Directory of Open Access Books - Collection details see MPG.ReNa
Description
Summary:Kan vi arbeide med metodar i skulen utan å trekkje inn innhald og mål? Kva kan digital teknologi gje av pedagogisk meirverdi? Kan tysk danningsteori framleis vere til hjelp til å forstå undervisning og læring? Denne boka handlar om det som skjer når danningsteori møter utfordringane med digital teknologi i skulen og særleg med bruken av mobile einingar (m-læring) i lærarutdanninga. Undervisningstema som er drøfta, er filosofi og etikk, engelsk litteratur og kunst og handverk. Sentrale perspektiv er henta frå den tyske teoretikaren Wolfgang Klafki (1927-2016). Klafkis kategoriale danningsteori blir kritisk drøfta i lys av dagens digitale utfordringar, og mottakinga av teorien hans i norsk pedagogikk og didaktikk blir òg vurdert. Forfattarane argumenterer for at Klafki framleis er aktuell. Eit sentralt poeng for Klafki var at danning er tosidig; ho har alltid både ei formal og ei materiell side. Vi kan ikkje «lære å lære» utan å lære noko. Han peika også på at det konkrete emnet har ei generell side, ein kategori, av større eller mindre danningsverdi. For å kunne velje læringsstoff og metode, må læraren og læreplanmakaren må ha ein fagleg idé om kva dette kan vere.
Item Description:Creative Commons (cc), https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/
Physical Description:1 electronic resource (192 p.)
ISBN:9788215029450
9788215029467
97882150294502018